Her gir vi ei kortfatta skisse til innhald i oppdraget. Vi viser til kravspesifikasjonen for utfyllande informasjon.
Oppdraget femner om følgjande:
-
Kva type IKT-løysing
brukar verksemda i kontakt med publikum og kundar
-
Alder på
IKT-løysinga (tidspunkt for anskaffing eller vesentleg oppgradering)
-
Kjennskap til
regelverk/forskrift om universell utforming av IKT
-
Kjennskap til Difi
som tilsynsorgan og informasjon/rettleiing frå Difi via nettstaden uu.difi.no
-
Brukartilfredsheit
med informasjon og rettleiing frå Difi
Vidare utdetaljering av innhaldet i undersøkinga og utforming av
spørsmål må skje i samarbeid mellom tilbydar som skal levere oppdraget og Difi.
-
Utvalsundersøking: Vi
ser føre oss at undersøkinga vert gjennomført som ei utvalsundersøking blant
offentlege og private verksemder som skal etterleve forskrift om universell
utforming av IKT( ref. Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova, § 14).
Vi ønskjer at omfanget av undersøkinga/storleiken på utvalet vert
utforma i dialog med Difi.
Type verksemder som skal etterleve regelverket (populasjonen) er elles
utdjupa i kapittel 3.
-
Gjennomføring: Det
er ønskjeleg å gjennomføre undersøkinga ved hjelp av e-post, ved at det vert
sendt ut eit webbasert spørjeskjema. Andre metodar for datafangst kan
vurderast, dersom tilbydar vurderer det til å vere meir føremålstenleg.
-
Analyse og
oppfølging: Datamaterialet skal analyserast og gjerast tilgjengeleg for Difi
for vidare oppfølging. Vi legg til grunn også her at nærare spesifikasjon av
problemstillingar som er interessante for analyse, skjer i dialog med Difi.
Undersøkinga vil vere ein oppfølgjar til ei måling Difi fekk utført i
2013 i samband med iverksetjing av forskrifta. Det vil vere interessant for
Difi å følgje opp med årlege målingar av kjennskap og brukartilfredsheit
framover.