Utvaldsundersøking om universell utforming av IKT, 15/00692

Information

15-09-2015 13:33 (GMT+02:00)
02-10-2015 12:00 (GMT+02:00)
Nej
Nej

Indkøber

DIREKTORATET FOR FORVALTNING OG IKT DIREKTORATET FOR FORVALTNING OG IKT
Pirjo Grüner Pirjo Grüner
Grev Wedels plass 9
Postboks 8115 Dep 0032 Oslo

0151 OSLO
Norge
991825827

Tidsfristen er overskredet

Kort beskrivelse

Her gir vi ei kortfatta skisse til innhald i oppdraget. Vi viser til kravspesifikasjonen for utfyllande informasjon.

 

Oppdraget femner om følgjande:

 

  • Gjennomføring av ei spørjeundersøking om universell utforming av IKT med tema:

  • Kva type IKT-løysing brukar verksemda i kontakt med publikum og kundar

  • Alder på IKT-løysinga (tidspunkt for anskaffing eller vesentleg oppgradering)

  • Kjennskap til regelverk/forskrift om universell utforming av IKT

  • Kjennskap til Difi som tilsynsorgan og informasjon/rettleiing frå Difi via nettstaden uu.difi.no

  • Brukartilfredsheit med informasjon og rettleiing frå Difi

     

    Vidare utdetaljering av innhaldet i undersøkinga og utforming av spørsmål må skje i samarbeid mellom tilbydar som skal levere oppdraget og Difi.

     

  • Utvalsundersøking: Vi ser føre oss at undersøkinga vert gjennomført som ei utvalsundersøking blant offentlege og private verksemder som skal etterleve forskrift om universell utforming av IKT( ref. Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova, § 14).

     

    Vi ønskjer at omfanget av undersøkinga/storleiken på utvalet vert utforma i dialog med Difi.

    Type verksemder som skal etterleve regelverket (populasjonen) er elles utdjupa i kapittel 3.

     

  • Gjennomføring: Det er ønskjeleg å gjennomføre undersøkinga ved hjelp av e-post, ved at det vert sendt ut eit webbasert spørjeskjema. Andre metodar for datafangst kan vurderast, dersom tilbydar vurderer det til å vere meir føremålstenleg.

     

  • Analyse og oppfølging: Datamaterialet skal analyserast og gjerast tilgjengeleg for Difi for vidare oppfølging. Vi legg til grunn også her at nærare spesifikasjon av problemstillingar som er interessante for analyse, skjer i dialog med Difi.

     

Undersøkinga vil vere ein oppfølgjar til ei måling Difi fekk utført i 2013 i samband med iverksetjing av forskrifta. Det vil vere interessant for Difi å følgje opp med årlege målingar av kjennskap og brukartilfredsheit framover.

 

Mercell A/S

En del af Mercell, en af Europas ledende aktører inden for formidling af information mellem indkøber og leverandør på det professionelle marked. CVR nr. 25698851

Kontakt

Klik her for at gå til support

+45 63 13 37 00
Mercell A/S | B!NGS
Vesterbrogade 149
, 1620 København V, Danmark