Open anbodskonkurranse - leige av lokale til Styringskonferansen 2016

Information

Öppet förfarande
2015-03-12 22:30 (GMT+01:00)
2015-04-15 12:00 (GMT+02:00)

Inköpare

Direktoratet for økonomistyring Direktoratet for økonomistyring
Ruth Høyland Jønsrud Ruth Høyland Jønsrud
Postboks 7154
0130 Oslo
Norge
986252932

Anbudsfristen har passerat.

Kort beskrivning

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) skal halde ein heildagskonferanse i høve Styringskonferansen 2016. Heildagskonferansen skal vere i Oslo, og lokala skal vere i gåavstand frå Oslo sentrum.

Konferanselokalet må kunne ta imot minst 700 deltakarar samtidig i ein plenumssal. Vi ønsker fortrinnsvis skoleoppsett i plenumssalen. Heildagskonferansen vil berre ha plenumssesjonar – truleg mellom åtte og tolv innslag av varierande lengd og innhald. Det må vere plass til eitt sett med standar utanfor plenumssalen – truleg mellom fem og sju standar. Straum må vere tilgjengeleg for alle standane.

Følgende datoar er aktuelle for gjennomføringen av konferansen:

•19. januar 2016

•20. januar 2016

•21. januar 2016

•22. januar 2016

•25. januar 2016

•26. januar 2016

Konferansen vil vare frå klokka 08.00 til klokka 20.00. Det vil vere nødvendig med rigging og hjelp til rigging på dagtid ein dag før konferansen, eller eventuelt om ettermiddagen, frå klokka 16.00 til klokka 21.00, og nedrigging frå ca. klokka 18.00–20.00 på arrangementsdagen. Nok mannskap til å rigge stolar, bord, standar, innsjekking o.a. må vere tilgjengeleg.

Profesjonelt personell og utstyr for lyd og bilete, inkludert opplegg for filming, må vere tilgjengeleg under rigginga og under sjølve konferansen.

Vi ønskjer at design av lokale med blomar, TV-skjermar for å vise løpande presentasjonar med meir skal vere inkludert.

Servering: kaffi, te og vatn til pausar, frukt om morgonen, lunsj til alle deltakarar, snittar/rundstykke tidleg på ettermiddagen og ståande buffet med fingermat til om lag 500 deltakarar på sein ettermiddag.

Vi ønskjer òg hjelp knytt til gjennomføring av lyd-/biletdrift under konferansen og ei oversikt over miljøprofilen til leverandøren.

Dokument (klicka på filnamnet för att ladda ner)

Namn Filstorlek
Konkurransegrunnlag for leie av lokaler DFØ.doc 134 KB

Mercell Commerce

Del av Mercellgruppen, en av Europas ledande leverantörer av elektroniska upphandlings- och anbudssystem på den professionella marknaden.

Kontakta oss

Klicka här för att gå till vår support

+46 077 144 02 00
Mercell Commerce | Lindhagensgatan 94, 11218 Stockholm, Sverige