Sunnfjord kommune (oppdragsgivar) inviterer moglege leverandørar av app som kan nyttast til kommunikasjon med innbyggarane i kommunen til marknadsdialog. Kommunen ønsker å undersøke om ein kommuneapp vil bidra til at vi kan få ein meir effektiv kommunikasjon med innbyggarane og besøkande i kommunen. Appen må ha intergrasjonsmogleigheiter til sentrale system som kommunen nyttar, som til dømes Acos.
Sunnfjord kommune (oppdragsgivar) inviterer moglege leverandørar av app som kan nyttast til kommunikasjon med innbyggarane i kommunen til marknadsdialog.
Kommunen ønsker å undersøke om ein kommuneapp vil bidra til at vi kan få ein meir effektiv kommunikasjon med innbyggarane og besøkande i kommunen. Appen må ha intergrasjonsmogleigheiter til sentrale system som kommunen nyttar, som til dømes Acos.
Leverandørar som melder interesse vert invitert til ein-til-ein dialogmøte på inntil to timar. Vi avtalar dag og tidspunkt etter kvart som vi mottek påmeldingar til marknadsdialogen.
I møtet legger vi opp til at leverandøren held ein presentasjon som svarar ut formålet med marknadsdialogen. Kommunen vil stille relevante spørsmål. Leverandørane vert bedt om å sende sine presentasjonar og annan dokumentasjon i etterkant av dialogmøtet.
Vi legg til at deltaking i marknadsdialog forpliktar verken leverandør eller oppdragsgivar til innkjøp.
Marknadsdialogen er ikkje ein del av eit eventuelt innkjøp.
Send påmelding til
anette.randi.sollid@sunnfjord.kommune.no innan 6. oktober 2023.
Eventuelle spørsmål kan rettes til same e-postadresse. Ved påmelding oppfordrar vi leverandørane til å sende ønska dag og tidspunkt for møte i veke 42 eller 43.