Entreprenørarbeid og timeprisar på tilfeldige maskinarbeid for Ål kommune 2015

Information

Offentligt udbud
12-03-2015 21:22 (GMT+01:00)
24-04-2015 14:00 (GMT+02:00)

Indkøber

Ål kommune Ål kommune
Dag Hovde Dag Hovde
Torget 1
3570 Ål
Norge
864 952 992

Tidsfristen er overskredet

Kort beskrivelse

TILBOD PÅ ENTREPRENØRARBEID OG TIMEPRISAR PÅ TILFELDIG MASKINARBEID FOR ÅL KOMMUNE

Ål kommune ynskjer tilbod på entreprenørarbeid i samband med utbetring av nokre kommunale vegar (sjå nedanfor) , og timepris på leige av maskiner og utstyr inklusiv førar, til tilfeldig arbeid og utbetring som ikkje er planlagt, men som kan oppstå ved ras, rørbrot, flaum og liknande, eller mindre utbetringsoppdrag, fram til 1. juni 2016. Den som får oppdraget bør disponere både stor (over 12-15 tonn) og mindre gravemaskin under 12 tonn og kunne utføre oppdrag på kort varsel. Dette er kalla «Tilbod del 1»

Under føresetnad av at kommunen kan få gratis masse til Liagarsvegen, vil vi også be om tilbod på tilkjøyring og utbering av delar av Liagardsvegen. Omfanget av arbeidet vert innanfor vedteken budsjettramme, og er spesifisert som «Tilbod del 2».

For både Del 1 og Del 2 er det krav om godkjenning i «Tiltaksklasse 2».

Det er høve til å gi tilbod på Del 1 eller Del 2 eller begge delane samla. Dei vil bli vurdert kvar for seg.

TILBOD del 1: Utbetring av bustadvegar i Granhagen og Vestlia.

Arbeidet består av masseutskifting og forsterkning av delar av fylgjande kommunale vegar:

- Plettevegen,

- Nedre Thoreplassveg,

- Hallebråtvegen,

- Asgrimplassvegen

- Kittilsvegen.

Arbeidet går ut på å skifte ut deler av vegkroppen med kult og bærelag, til saman omfattar dette

ca. 825 løpemeter veg, og utskifting av ca. 1625 m3 masse. Alle vegane må være klare til asfatering

seinast 25. september 2015.

Dette tilbodet skal også omfatte leige av maskiner og utstyr til arbeid ved vasslekkasjar, opprydding etter flaumskadar, rehabiliteringsarbeid, samt andre mindre arbeid som ikkje er planlagt på førehand.

I vedlagt prisskjema skal dette prisast under «Maskintimeprisar på tilfeldig arbeid».

TILBOD del 2: Liagardsvegen

Dersom nokon av entreprenørane har tilgang til eigne «gratis» massar ynskjer vi tilbod på fortsetting av utbetringa/utvidinga av Liagardsvegen.

Neste steg av arbeidet består i utbetring av krysset Liagarsvegen, Oppsatavegen og ca. 120 meter av Liagardsvegen nedanfor krysset og ca. 80 meter ovanfor. Eit grovt overslag syner at det vil mangle ca. 3500 m3 med masse for å få gjort denne jobben.

For begge tilboda der det er krav om godkjende / deklarerte masser, skal desse leverast frå

Oddvar Øygard AS med avrop på den rammeavtala kommunen allereie har.

Filer

Navn Størrelse
Kartskisse - Vedlegg 4.pdf 208 KB
prisskjema utbetring Liagardsvegen.ods 5 KB
Entrepenørarbeid og maskintimeprisar- Konkurransegrunnlag.pdf 495 KB
Prisskjema utbetring vegar - maskintimeprisar.ods 8 KB

Mercell A/S

En del af Mercell, en af Europas ledende aktører inden for formidling af information mellem indkøber og leverandør på det professionelle marked. CVR nr. 25698851

Kontakt

Klik her for at gå til support

+45 63 13 37 00
Mercell A/S | B!NGS
Vesterbrogade 149
, 1620 København V, Danmark