Konkurranse om drift av buss- og transporttenester i Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland

Information

Udbud med forhandling med forudgående offentliggørelse
09-09-2024 13:33 (GMT+02:00)
11-10-2024 12:00 (GMT+02:00)

Indkøber

Skyss Skyss
Jannike Fredin
Postboks 7900
5020 Bergen
Norge
992051825

Kort beskrivelse

Skyss er Vestland fylkeskommune si administrasjonseining som planlegg, kjøper og marknadsfører dei kollektivtransporttenester som Vestland fylkeskommune har ansvar for.

Skyss tildeler kontraktar for køyring av buss, bybane, båt og ferjer i Vestland til operatørselskap etter anbodskonkurransar. I tillegg er Skyss sine oppgåver ruteplanlegging, utvikling av billettsystem, informasjon og marknadsføring av kollektivtilbodet.

Skyss inviterer med dette til deltakelse i konkurransen "Bussanbod 2026" for kontraktsområda Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland. Føremålet med anskaffinga er inngå kontrakt med operatørselskap for drift av buss- og transporttenester, der vinnande operatør får ansvaret for å gjennomføre Ruteproduksjon med buss, Individuelt tilrettelagt skuleskyss og Bestillingstransport (Digital fleksibel bestillingstransport, Serviceskyss, Trygt Heim).

Det vil bli inngått tre separate bruttokontraktar, eitt for kvart kontraktsområde.

Kontraktane gjeld frå og med dato for signering til og med oppstart av sommarruter (perioden 20.–30.juni) 2035. Eksakt utløpsdato innanfor denne tidsperioden vil bli oppgitt frå Oppdragsgjevar seinast 12 månader før kontraktsslutt. Kontraktane har oppstart på følgjande tidspunkt:

Sunnfjord: 24.06.2026

Sogn: 23.06.2026

Sunnhordland: 29.06.2026

Oppdragsgjevar skal ha opsjon på å forlenge Oppdraget med 1+1+1 år.

Estimert årleg kontraktsverdi for kontraktsområde Sunnfjord: 230-250MNOK (ordinær kontraktsperiode)

Estimert årleg kontraktsverdi for kontraktsområde Sogn: 100-110 MNOK (ordinær kontraktsperiode)

Estimert årleg kontraktsverdi for kontraktsområde Sunnhordland: 130-150 MNOK (ordinær kontraktsperiode)

Estimata inkluderer full mogeleg bonusutbetaling. Estimata inkluderer ikkje vederlag for Individuelt tilrettelagt skuleskyss.

Filer

Navn Størrelse
InitialDocuments_8867179.zip 63,53 MB

Mercell A/S

En del af Mercell, en af Europas ledende aktører inden for formidling af information mellem indkøber og leverandør på det professionelle marked. CVR nr. 25698851

Kontakt

Klik her for at gå til support

+45 63 13 37 00
Mercell A/S | B!NGS
Vesterbrogade 149
, 1620 København V, Danmark