Anbudsfristen har passerat.
Oppdragsgjevar vil byggja ut og leggja til rette for at private og næringsverksemder i Myklebustdalen skal kunna knyta seg til eit kraftfullt og framtidsretta breibandnett, eit såkalla «next generation access network» (NGA).
Formålet med utlysinga er å inngå kontrakt om etablering og drift av eit framtidsretta breibandnett med leveranse av innhaldstenester til husstandar og verksemder i Myklebustdalen. Det er tilsaman 45 husstandar og verksemder i Myklebustdalen, men nokon av desse har i alt tilbod om 30 Mbit/s samband og er ikkje med i utlysinga. Det skal ikkje vera binding til kjøp av innhaldstenester utover generell internett-tilgang for brukarane. Utbyggjar eig og er ansvarleg for drifta av infrastrukturen som vert bygd ut.