Evaluering av program for kreative næringar i Møre og Romsdal 2013-2016
Bakgrunn
Utvikling av kreative næringar er eit satsingsområde for Møre og Romsdal fylkeskommune. I perioden 2013-2016 har Møre og Romsdal fylkeskommune i lag med Innovasjon Norge hatt ei eiga programsatsing for dei kreative næringane. Kreative næringar er definert som bransjane trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio (SSB).
Måla i programmet er:
· Auke talet på arbeidsplassar innan kreative næringar, og auka overlevings- og innovasjonsgrad (i eksisterande verksemder).
· Legge til rette for møteplassar, nettverk og kompetanseauke.
· Vidareutvikle verkemidlar slik at dei blir relevante, forstått og funksjonelle for dei kreative næringane.
Bakgrunn for satsinga, målsetting og tiltak ligg i vedlagt dokument Program for kreative næringar i Møre og Romsdal 2013-2016 (pdf).
Evaluering av programmet:
Vi ønskjer å finne ut:
· Med utgangspunkt i måla for programsatsinga, kva har vi oppnådd?
· Har programsatsinga hatt innverknad på talet arbeidsplassar innan kreative næringar i Møre og Romsdal?
· Har programsatsinga hatt innverknad på overlevings- og innovasjonsgrad i eksisterande verksemder i Møre og Romsdal?
· Kva betydning har tiltaka i satsinga hatt for tilskotsmottakarar? (sjå oversikt over tiltak og mottakarar av tilskot i vedlegg x)
· Har programsatsinga påverka prioriteringar og kompetanse i verkemiddelapparatet, forstått som Innovasjon Norge, hoppid.no, kunnskapsparkar og næringshagar i regionen.
· Korleis vurderer tilskotsmottakarane Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på kreative næringar?
· Kva betydning har tiltak i satsinga hatt for næringa?
I tillegg ønskjer vi, på bakgrunn av funn, forslag til vidareutvikling av programsatsinga.
Vi ber tilbydar om å gjere greie for korleis ein vil avgrense oppdraget og kva metode ein ønskjer å nytte.
Oppdraget må vere fullført innan 15.04.16