Som del av arbeidet med å betre tilhøva for kollektivreisande, er det etablert ei ordning med reservert gratis parkering for kollektivreisande som nyttar bil på delar av reisa.
For å sikre at parkeringsplassane vert nytta av målgruppa, er det krav om at dei som parkerer bilane sine på dei merka plassane har eit oblat i bilvindauget.
Det er nødvendig å gjennomføre kontrollar for å sikre at dei som bruker parkeringsplassen faktisk har nødvendig og pålagt oblat.