Riksantikvaren har i samarbeid med Os kommune iverksatt eit
istandsetjingsprogram for middelalderruinen Lyse kloster i Os. Ruinen er freda
etter Kulturminneloven § 4 og Riksantikvaren er forvaltningsmyndigheit. Ei
tilstandsvurdering for ruinen frå Byantikvaren i Bergen i 2012 konstaterte
omfattande skader på anlegget og konkluderte med behov for iverksetjing av tiltak
på murane for å få den opp på eit normalt vedlikehaldsnivå.
Tiltaksplanen for dagrommet i Lyse klosterruin omfattar sikring og utkrassing av
sementfuger i murlivene, reetablering av fuger samt demontering og etablering av
ny murkrone. Sjå «NOR002-2016_Tiltaksplan 2016 – Dagrommet i Lyse
klosterruin» for nærare skildring av arbeidet.
Arbeida på vestmuren er planlagt utført i kalksesongen 2016, det vil sei
tidsrommet mai til september.
Det setjast krav til at tilbydar har erfaring og kompetanse innan istandsetjing av
middelalderruinar med antikvariske materialar og metodar.
Kontraktstildeling
Tittel: Ruinkonservering av dagrommet i Lyse klosterruin
Dato for kontraktstildeling: 08-05-2016
Antall mottatte tilbud: 3
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Bakken & Magnussen988210781, Knut Hamsun veg 8, 2685 Garmo, NO, Telefon: +47 95447495.