Anskaffelsen Rammeavtale Handverkartenester 2016 er delt i tre delar og
omfatter områda, a)snekker og tømrararbeid, b)Golvlegging, tapetsering, maling,
fliser mv, og c) Utvendig maling mv.
Gjennom denne anskaffelsen vil UEKF inngå rammeavtale med leverandørar på
dei ulike faga/områda som er oppgjeve. Gjennom bruk av slike avtaler ynskjer
UEKF å få enkel og god tilgang til handverkartenester innan desse faga, og få
løyst oppgåver i høve dette med god kvalitet og til riktig pris. Rammeavtalen skal
omfatt kjøp av alle vanlege handverkartenester innan desse faga til utbetring og
vedlikehald av eksisterande bygningsmasse av kommunale bygg og kommunale
bustader. Oppdragsgjevar antek at samla omfang for tenester ein her spør etter
vil kunne ligge mellom 0,5 og 2 millionar kroner årleg. Omfanget vil kunne
variere, og oppdragsgjevar påtek seg ikkje nokon kjøpsforpliktelse i høve volum
etter denne avtalen. Avtalen gjeld i 2 år, med einsidig opsjon for kunde til
forlenging i ytterlegare 1+1 år.