Информация о тендере
Kinn kommune søkjer etter arkitekt til prosjektet Ny hovudbrannstasjon - Florø. Prosjektet skal gjennomførast som ein byggherrestyrt entreprise.
Oppdraget omfattar programmering av ny brannstasjon fram til og med endeleg ferdigstillelse av brannstasjon.
Arbeidet omfattar i overordna trekk følgjande:
• Konkretisere og verifisere vedtekne funksjonar og funksjonalitetar for den nye brannstasjonen. Desse skal utgreiast med nødvendig detaljeringsgrad.
• Beskrive endeleg omfang for løysing med funksjonar og rom (romprogram og layout/flytskjema).
• Vise skissert løysing for byggemetode og tekniske føringar for den nye brannstasjonen i samråd med prosjekteringsgruppa.
• Det må visast skisse til løysing som situasjons-, utomhus-, etasjeplanar med hovudelement, fasadar, snitt, perspektiv/3D-visualisering/ BIM.
• Detaljprosjektering, utarbeiding av mengdebeskrivelse etter NS 3420
• Rolla som ansvarleg søker.
• Bistand i konkurransefasen
• Bistand i utførelsefasen
Lista er ikkje uttømmande.