Kvam herad ønskjer å inngå rammeavtaler for innkjøp av tekniske handverkstenester.
Eit av føremåla med å etablere slike rammeavtalar er å sikre effektivitet i innkjøpsprosessane. Det er vidare eit mål at rammeavtalane skal sikre stabilitet og gje føreseielege rammar for Kvam herad og leverandørane.
Denne rammeavtalen omfattar området for VVS røyrleggjararbeid. Arbeidet omfattar:
- Feilsøking, reparasjonar og vedlikehald i eksisterande anlegg og bygningsmassar.
- Utskifting av komponentar.
- Ombyggings- og oppgraderingsarbeid.
- Utskifting av eldre trykkvassanlegg til røyr-i-røyr system.
- Arbeidet gjeld både innvendig og utvendig røyrarbeid knytt til bygg.
- Om det ikkje er vassmålar skal denne monterast og meldast inn til økonomikontoret Kvam herad.
- Tining og spyling.
- Måling av vasstrykk og eventuell trykkreduksjonsventil monterast ved behov.
Kvam herad har sjølv røyrleggjar tilsett som utfører noko arbeid på våre anlegg. Rammeavtalane er tenkt å skulle dekke hovuddelen av oppdragsgjevar sine kontinuerlege behov for dei tenester som er omhandla i denne konkurransen. Kvam herad skal ha ei rett, men inga plikt til å nytte rammeavtalane.Oppdragsgivar legg opp til at det i avtaleområde VVS røyrleggjararbeid kan tildelast rammeavtale til minimum 3 leverandørar og maksimum 7 leverandørar, føresett at det i konkurransen kjem eit tilstrekkeleg tal eigna tilbod frå kvalifiserte tilbydarar. Dersom det er mindre enn 3 tilbydarar vil ein likevel vurdere å etablere rammeavtalar med 1 eller 2 leverandørar, der dette er hensiktsmessig.
Rammeavtalen har ein kontraktperioden på 2 år. Forventa startstidspunkt for kontrakten er 01.08.2024. Oppdragsgivar har opsjon på forlenga avtalen på likelydande vilkår med inntil 1 + 1 år. Maksimal avtaleperiode er 4 år.