Информация о тендере
Fylkesplan for Møre og Romsdal 2021-2024 har ei rekke mål knytt til både samarbeidsfylket, miljøfylket, kompetanse- og inkluderingsfylket, og verdiskapingsfylket. Innanfor alle desse dimensjonane ligg det mål som er viktige i denne samanhengen, men det mest sentrale målet er at: Møre og Romsdal skal ha «inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport». Møre og Romsdal fylkeskommune står framfor arbeidet med ny fylkesstrategi for attraktive byar og tettstadar i Møre og Romsdal. Fylkesstrategien skal vere er eit dokument som utdjupar måla i fylkesplanen og gi tydelege og føreseielege retningsliner for by- og tettstadutvikling, der ei rekkje ulike omsyn er drøfta og vekta.