Bømlo Kommune har avtala med representantar for fem ungdommar som alle har trong for bustader som er spesielt tilrettelagde at det skal byggjast eit bufellesskap.
Prosjektet omfattar totalentreprise for heile bygningsmassen, grunnarbeid og ferdiggjering av uteområde som er spesifisert i vedlagt Spesifikasjon.
Prosjektet gjeld eigedommane g.nr 109, br.nr 379 og 380, Svortland i Bømlo Kommune. Bømlo kommune sin reguleringsplan R-16 med gjeldande forskrifter gjeld for tomtene. Det er gjeve dispensasjon frå kravet om utnyttingsgrad og bygd areal på tomtene.
Kontraktstildeling
Dato for kontraktstildeling: 01-10-2020
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Engelsen Bygg as, Postboks 124, 5401 Stord, NO, Telefon: +47 97059029, E-post:
ru@engelsenbygg.no, Nettadresse (URL):
https://engelsenbygg.no/.