NDLA har behov for eit filmabonnement som sikrar at ei viss mengde faste titlar (spelefilmar, kortfilmar, seriar og dokumentarfilmar) alltid er tilgjengeleg for avspeling på ndla.no. I 2016 har abonnementet omfatta om lag 200 titlar, men det kan bli behov for å auka eller redusere talet på titlar i abonnementet i løpet av avtaleperioden. NDLA har også behov for å nytte avtalen til å kjøpe klipp frå filmar (inntil tre minuttar) til bruk i undervisningsopplegg.
For å sikre den daglege drifta av filmtenesta har NDLA behov for å kjøpe konsulenttenester i form av ein 30% stillingsressurs som Filmansvarleg hos NDLA. Filmansvarleg skal ivareta utveljing, tilrettelegging og tilgjengeleggjering av filmar. I tillegg skal filmansvarleg i samarbeid med NDLA sine tekniske og redaksjonelle medarbeidarar bidra til å utvikle pedagogiske opplegg knytt til leveransen i filmabonnementet.
For oppdraget vil det verte inngått rammeavtale med ein leverandør. Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 +1 år, til saman maksimalt 4 år.
Rammeavtalen si totale verdi dersom opsjon om forlenging blir utløyst er antatt å ligge mellom 5-6 MNOK. Det vert understreka at oppgjeven verdi er basert på estimat.