Skyss har etablert ein arena for gjensidig informasjons- og erfaringsutveksling og drøfting av strategiske problemstillingar med operatørane- «strategiforum». Referat frå desse møta ligg på skyss.nofrapportar. Vi understreker at dette er eit forum for øvste leiarnivå. Sjå vedlegg for meir om rammene for strategiforumet.
Vi inviterer til nytt møte i strategiforumet 12. mars, kl. 12-14. Møtet vil som tidlegare bli avhalde i Wigandgården i Bergen, Agnes Mowinckels gate 6, 8. etasje. Saksliste vil bli lagt ut to veker i forkant. Forumet er meint for gjensidig informasjons- og erfaringsutveksling - kom gjerne med innspel til agendaen. Påmelding er ikkje nødvendig, men vi set pris på ei tilbakemelding om selskap som planlegg å delta. Ved spørsmål kontakt Gudrun Einbu, via e-post eller telefon (gudrun.einbu@skyss.no, tlf. 55 23 95 50).