Det største veganlegget i Hordaland si historie skal snart lysast ut. Med to store hoved-entreprisar vil vi utfordre dei beste til å gjere arbeidet for oss til rett kvalitet, rett tid og rett pris. Vi set òg store krav til HMS og omsyn til miljøet.