Closing date has passed.
Kyrkjekontoret i Ullensvang ved kyrkjeleg fellesråd, har bestemt at taket på Utne kyrkje skal utbetrast/ renoverast. Dette blir fyrste ledd i ei større renovering. Denne kontrakta gjeld utbetring av taket. Kyrkja er bygd i 1895, og taket på skipet samt koret er ikkje utbetra sidan kyrkja var ny. Dei andre mindre taka, som til dømes sakristia, er nok utbetra på diverse tidspunkt. Skipet og koret er bygd opp utan papp, lekter og rekter, men med skifer rett på sutak. Sutaket er utført med ståande over og underliggar. Dei andre taka er bygd opp med papp, rekter og lekter. Planen er å opparbeide diffusjonsopen papp på heile kyrkja, også på skipet og koret.