Closing date has passed.
Hordaland fylkeskommune ved fylkestannlegen har som mål å inngå avtale om levering av ei teneste for fakturabehandling. Tannhelsetenesta nyttar Opus som pasientjournalsystem, og ønskjer ei løysing som produserer fakturablankett til pasient/kunde, samt utfører inkassoarbeid. Løysinga må kunne oppdatera Opus dagleg med innbetaling frå pasient/kunde slik at Opus viser korrekt betalingsstatus for den enkelte pasient. Fylkestannlegen har per i dag om lag 9 000 faktura årleg, men vi tek atterhald om at talet kan endre seg.
For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med ein leverandør. Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1+1 år, til saman maksimalt 4 år.
Komplett konkurransegrunnlag finst på Hordaland fylkeskommune sin leverandørportal. Adresse til leverandørportalen er: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase/Published/
Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=312650.