Synfaring:
Det vert oppmøte ved kommunehuset på Storebø den 07.10.13, kl 09.00.
Austevoll kommune sitt mål er å få dei 4 skulane til å stetta krava til rom/ arealbehov. All bygningsmasse/ tekniske anlegg må få nødvendig ombygging/ fornying.Rehabiliterast både utvendig og innvendig. Kommunen sitt mål er vidare å få gode uteområde/ leikeareal, vegar, trygg varelevering, parkering for syklar og bilar, HC – parkering, trygg på og avstiging frå/ til skulebuss, med meir. Kommunen ønskjer ein å få fram funksjonelle og moderne skular.
Det vert teke atterhald om politisk godkjenning av eventuelt avtale som vert forhandla fram. Det vert vidare teke atterhald vedkomande sakshandsaminga i kommunale, fylkeskommunale samt statlige etatar, samt godkjenning av kostnadane i kommunen. Det kan oppstå ein situasjon kor innkomne tilbod overstig akseptable rammer. I ein slik situasjon kan oppdragsgivar avlyse konkurransen utan at dette medføre erstatningsplikt for kostnader som tilbyder har pådratt seg.
Alle arbeid skal utførast i samsvar med offentlege lover og føresegner
Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=306562.