Senter for statleg økonomistyring blei etablert 1. januar 2004 som eit forvaltingsorgan under Finansdepartementet. Verksemda endra til namn til Direktoratet for økonomistyring (DFØ) 14. november 2011. DFØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området.
Meir informasjon om DFØ og organisasjonen vår finn du på www.dfo.no.
DFØ utarbeider ein rettleiar i internkontroll.
Ambisjonen er at rettleiaren skal gi forslag til:
- prosessteg i arbeidet med å systematisere og vidareutvikle internkontrollen:
* korleis identifisere internkontrollbehov og forbetringsområde
* korleis dokumentere etablert internkontroll
* korleis følgje opp at internkontrollen fungerer
* korleis prioritere mellom forbetringsområda
* korleis planleggje og gjennomføre forbetringsarbeidet
-malar og sjekklister som kan brukast både for å dokumentere etablert internkontroll og forbetringsbehov, og som kan gi eit felles grunnlag for
diskusjonar og avgjerder knytte til arbeidet med styring og kontroll i verksemda
- korleis arbeidet med internkontroll kan integrerast i styringa elles på ulike nivå i verksemda
Målgruppa for rettleiaren vil vere leiarar på ulike nivå og medarbeidarar som har fått ei særskild rolle i arbeidet med internkontroll.
I tillegg vil rettleiaren vere nyttig for medarbeidarar som ønskjer større forståing for omgrepet internkontroll og den rolla dei som medarbeidarar speler i internkontrollen til verksemda.
DFØ ønskjer no tilbod på utarbeiding av verktøy, malar og sjekklister som skal inngå i rettleiingsmateriellet vi skal utgi i 2013.
Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=270986.