Dato for innlevering er passert
Kontrakten «Mindre vegtiltak 2018 – Sunnhordland» er ein samlekontrakt av mindre tiltak som vanlegvis blir lyst ut kvar for seg. Kontrakten har samla dei vanlegaste arbeida som skal gjennomførast i løpet av budsjettåret. Disse tiltaka er ofte ikkje ferdig planlagt og finansiert, før mars månad i utførelsesåret. Kontrakten inneheld i hovudsak prosessar for busslommer, mindre veglysarbeider, intensivbelyste gangfelt, fartshumpar, mindre veg og G/S veg arbeid, kummer, asfaltering, vegmerking, graving, mindre sprengingsarbeid, terrengarrondering, grøfter og leidningar samt forberedande arbeid og tilhøyrande oppmåling- og dokumentasjonsarbeid. Tiltaka vil ikkje vera endeleg bestemt ved kontraktsinngåelse, og arbeidet vil vera innanfor området i Sunnhordland, hhvs Sveio, Tysnes, Bømlo, Stord og Fitjar kommune. Tiltaka kan innehalda arbeid både på fylkesveger og riksveger.