Dato for innlevering er passert
Det skal byggast ny klasseromsfløy på Lunde barneskule. Dagens Lunde Barneskule er utbydg i fleire etappar i perioden 1964 – 2000. Søre Neset krins veks fort og skulen må utvida for å auke elevkapasiteten. Dette byggetrinnet skal legge grunnlaget for å oppgradere heile skulen til ein fullverdig 3-parallellar barneskule. Oppgraderingsarbeider i eksisterande bygningsmasse er i hovudsak ikkje aktuelt i denne entreprisen – anna enn der dette er utrykkeleg nemnd.
Den nye klasseromsfløyen skal førast opp i 3 etasjar og fløyen skal fysisk byggast saman med eksisterande skule – i samsvar med viste skisser/teikningar.
Det skal også etablerast ny elevkantine og ny lærarkantine i ein større felles vestibyle, som utanfor skuletid også vil kunne nyttast som eit lokalt kultur- og aktivitetshus for krinsen.
Nybygget skal samla sett byggjast for energiklasse B. Forøvrig skal bygget utførast i samsvar med byggforskriftene som framgår av TEK 10.
Denne totalentreprisen gjeld for både prosjektering og komplett gjennomføring av alle bygningstekniske , bygningsmessige og installasjonstekniske arbeider for eit bruksklart bygg i samsvar med leveransebeskrivelsen.
Lunde barneskule skal drive sin normale undervisning i eksisterande bygg samstundes som ny klasseroms fløy vert bygd. Det påkviler såleis entreprenøren og alle hans underleverandører/-entreprenørar å utvise stor varsemd mot skulemiljøet. Sterkt fokus med tryggleik for uhell/ulukker og optimalt læringsmiljø mht støy.