Anskaffinga gjeld kjøp av persontransporttenester til og frå kommunen sitt
dagsenter for demente (Gamleheimshagen). Os kommune søkjer leverandørar
som kan ivareta transporten av brukarar til og frå dagsenteret på ein god måte.
Transporten til og frå dagsenteret vert sett på som ein integrert del av
dagsenteropphaldet. Med dette meinast at transporttenesta, på lik linje med
tenesteopplevinga av opphaldet på dagsenteret, må opplevast som trygg,
føreseieleg og tenleg for brukarane. Os kommune ynskjer tilbod på transport av
dagpasientar til/ frå Gamleheimshagen frå/til heimeadressa ulike stader i Os
kommune. Vi ynskjer også tilbod på fastpris på bestillingsturar utanom fast
køyring. Det er særs viktig at transportør er presis for å unngå å uroa
pasientane. Leverandøren må dokumentera tilstrekkeleg materiell til å kunne
sikra køyringa, også viss det planlagde køyretøyet/sjåfør ikkje kan (back up).
Kontraktstildeling
Tittel: Transport av dagpasientar
Dato for kontraktstildeling: 15-02-2015
Antall mottatte tilbud: 2
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Osbuss AS, Industriveien 47, 5210 Os, NO.