Dato for innlevering er passert
Luster kommune byggjer i desse dagar nytt felleskjøken ved Gaupne omsorgssenter som frå om lag medio mai skal levere mat til dei tre omsorgssentera i kommunen. Prinsippet med det nye matsystemet vert «kok og kjøl», der større mengder mat produserast for nedkjøling og frysing.
I denne samanheng skal det kjøpast inn kjøkenutstyr til sentralkjøkenet i høve det nye matsystemet.
Luster kommune vil med dette innby til tilbodskonkurranse om levering, montering og installering av kjøkenutstyr til det nye sentralkjøkenet ved Gaupne omsorgssenter.