Totalentreprise - Nytt Næringsbygg - Os ASVO AS

Informasjon

Åpen anbudskonkurranse
28.01.2015 15.44 (GMT+01:00)

Innkjøper

Os kommune (Hordaland) Os kommune (Hordaland)
Tor Inge Døsen Tor Inge Døsen
Postboks 84
5202 Os i Hordaland
Norge
844 458 312

Kort beskrivelse

Det skal byggast nytt næringsbygg i Kolskogen næringsområde på Gnr 54 B.nr 741. Tomten er i dag ein jomfrueleg naturtomt småkuppert fallande mot vest der det er anlagt ein kommunal veg tett inntil eigedomsgrensa.

På eigedomen skal det sprengast ut om lag 9000 m3 fast fjell i 2 ulike høgder. Utsprengt stein skal dels omfordelast på tomta, men overskotsmasser skal køyrast bort til totalentreprenøren sin tipplass. Dersom byggherren eller kommunen finn eigne depot for massedeponering, kan byggherren dirigere entreprenøren til dette depotet.

På byggetomta skal det førast opp eit næringsbygg i 2 hovudetasjar, begge med ei netto romhøgde på ca 6,0 meter. I tillegg skal det etablerast 2 mindre mezaninetasjar, og begge hovudetasjar skal tilretteleggjast for at mellomdekk kan etablerast i 100 % omfang på eit seinare tidspunkt i bygget si levetid.

Dei 2 mezaninetasjane skal nyttast som kontor / kantine / garderobar etc

Skisseteikningar er utarbeidd av byggherre/Os kommune og gjeld som prinsippteikningar for tilbydar.

Øvre hovudplan m/ overliggande mezanin skal nyttast av byggherre Os Asvo A/S for sin hovudproduksjon. Os Asvo AS er ei opptreningsbedrift for tilsette med særlege behov for opplæring og trening.

Nedre hovudplan m/ mezanin skal nyttast av teknisk driftsavdeling, Os kommune

Dei 2 hovudbrukarane i bygget skal ha kvar sine åtskilde uteområde og kvar sine hovudtilkomstar til sine lokale. Det er ikkje krav til intern kommunikasjon i bygget mellom dei 2 driftseiningane utover felles føringsvegar for tekniske hovudføringar.

Heile anlegget skal før overlevering gjerdast inn med 2 m høgt solid industrigjerde med robuste hovudportar i tillegg til gangport.

Heile tiltaket skal byggjast til energiklasse C. Elles skal bygget utførast i samsvar med byggforskriftene som framgår av TEK 10.

Filer (klikk på filnavn for å laste ned)

Tittel Størrelse
Vedlegg 6.2 Skisseteikningar og terrengprofilar - NOR001-2015.pdf 13,46 MB
NOR001-2015 Konkurransegrunnlag.pdf 733 KB
Vedlegg 6.1 Skisseteikningar og terrengprofilar - NOR001-2015.pdf 629 KB
Vedlegg 5 - Leveranseskildring NOR001-2015.pdf 394 KB

Mercell Norge AS

Del av Mercell-gruppen, en av Europas ledende leverandører av elektroniske anbudsverktøy og informasjon mellom innkjøpere og leverandører i det profesjonelle markedet.

Kontakt oss

Klikk her for å gå til support

+47 21 01 88 00