Dato for innlevering er passert
Oppdragsgjevar ynskjer å innhente tilbod på å gjere ferdig bibliotekbygg som er oppført på Judaberg. Dette er i dag eit nytt bygg, der det er støypt betongplate og klargjort for vidare bygging i henhald til teikningar gjort av arkitekt.
Bygget skal ferdigstillast innvendig etter teikningar som er vedlagt denne konkurransen. Dette inneberer konstruering av mesanin/trapper/heis/kontor/toalett osv. Inventar er ikkje med i denne konkurransen.
Tilbydar skal utarbeide detaljplanar og gjennomføre arbeidet.