1.0. Oppdraget - oppsummering.
Oppdraget gjeld drifting av all programvare som til ei kvar tid er i bruk i dei aktuelle kommunane – Fyresdal, Nissedal og Seljord. Sentral drifting skal vere på driftsleverandøren sitt utstyr.
Oppdraget gjeld også brukarstøtte på lokalt utstyr. Brukarstøtte på applikasjonar blir ytt av applikasjonsleverandørar etter nærare avtaler, men driftsleverandøren må vere aktiv i alle typer problemløysing på vegne av kommunane, spesielt i forhold til tredjepart og uavhengig av kven som har ansvaret for å løyse eit problem. Driftdleverandøren skal ”eige” problemet på vegne av kommunen.
Kommunane har ingen tilsette som er øyremerka for IKT-drift. Driftsleverandøren må levere dei same tenester og høge servicegrad som ein vil forvente av ein godt utbygd og kvalifisert lokal IKT-funksjon. Dette gjer at det blir kravd relevant kompetanse og erfaring og kort responstid ved driftsaavik eller hjelpebehov.
Driftsleverandøren skal vere samtalepartnar for kommunane i strategiske spørsmål innafor fagområdet, under dette sikkerhet og kommunikasjon.
Driftsleverandøren skal stå for innkjøp av IKT-utstyr i tråd med kommunale rammeavtaler og i samråd med aktuell kommune. Denne tenesta skal inngå i totalkostnaden for oppdraget. Arbeid med vedlikehald og inngåing av nye rammeavtaler er ikkje ein del av oppdraget, men driftsleverandøren kan bli bedt om å kome med synspunkt som del av ein avtaleprosess.
Kommunane er i ein dynamisk situasjon både med omsyn til eiga drift, pålagte oppgåver, interkommunalt samarbeid og aktuelle IT-løysinger. Driftsleverandøren blir ein del av apparatet med implementering av nye og endra IKT-løysingar som følgje av dette. Spesielt innafor helse/pleie/omsorg skjer det store endringar (samhandlingsreforma) med auka krav til sikker kommunikasjon mellom ulike datasystem.
Dato for oppstart av avtale blir føresett seinast 1.4.2013.
Kontraktstildeling
Tittel: Drift og brukerstøtte. IKT-funksjonen.
Dato for kontraktstildeling: 05-12-2012
Antall mottatte tilbud: 1
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Aspit As, Steinsrudvegen 1, 3840 Seljord, NO, Nettadresse (URL): www.aspit.no.