HFK-12-062 Juridiske tenester

Informasjon

Konkurranse med forhandling
26.03.2013 11.13 (GMT+01:00)
25.04.2013 13.00 (GMT+02:00)

Innkjøper

Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune
Marte Hustveit Hauge Marte Hustveit Hauge
postboks 7900,
5020 Bergen
Norge

Dato for innlevering er passert

Kort beskrivelse

Hordaland Fylkeskommune skal no inngå ny rammeavtale om levering av juridiske tenester. Juridiske tenester skal omfatte alt frå enkeltspørsmål per telefon til bistand ved rettstvistar.

Oppdragsgjevar har sjølv tilsett juristar og det er soleis tale om utfyllande tenester til den rådgjeving som vert ytt av desse. Kompetanseoverføring er difor viktig.

Oppdragsgjevar ønskjer å inngå kontrakt med to leverandørar; ein hovudleverandør, og ein leverandør som vert nytta der hovudleverandør ikkje kan levere etter avtalen.

HFK har identifisert følgjande rettsområder som områder der ein i avtaleperioden vil kunne ha behov for bistand av eit visst omfang. Desse er skilt i to kategoriar; A og B, der kategori A er rettsområde som vil ha stort omfang/høg viktighet. Listene er ikkje uttømmande.

Kategori A:

-Arbeidsrett

-Eigedomsrett

-Entreprise

-Forvaltningsrett/kommunalrett

-Kontraktrett

-Energirett (Fylkeskommunen sine rettigheiter knytt til konsesjonskraft)

-Prosedyre

Kategori B:

-Finansiering

-Samferdsel

-Selskapsrett

-Skatt/avgift

-Utdanning

-Offentlege anskaffingar. Det vert gjort merksam på at oppdragsgjevar har eigen avtale for levering av innkjøpstenester, slik at på området for offentlege anskaffingar vil leverandør under rammeavtale for juridiske tenester i hovudsak bistå i prosess.

Avtalen vil gjelde frå 9. september 2013 til 8. september 2015 med einsidig opsjon for oppdragsgjevar til å kunne forlenga den med 2 år, slik at total avtalelengd maksimalt vert 4 år.

Verdien av innkjøpet er vurdert til å vera om lag kr 3-6 millionar kroner årleg. Det vert understreka at oppgitt verdi er basert på estimat frå statistikk og opplysningar frå oppdragsgjevar sine noverande leverandørar og eigne økonomidata. Det vert teke atterhald om endringar i volum, bl.a. med bakgrunn i behov og budsjettsituasjonar som påverkar oppdragsgjevar sin aktivitet.

Nærare skildring av leveransen følgjer av vedlegg A til kontrakt - Kravspesifikasjon.

Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=288607.

Filer (klikk på filnavn for å laste ned)

Tittel Størrelse
Document-Summary-MAR194981.txt 1 KB
Konkurransegrunnlag.pdf 708 KB
Kontrakt juridiske tenester.pdf 411 KB
Vedlegg A - Kravspesifikasjon.pdf 203 KB
Vedlegg C - Prisar.doc 128 KB
Vedlegg G - Endringar i kontrakten etter avtaleinng+źing.pdf 173 KB

Mercell Norge AS

Del av Mercell-gruppen, en av Europas ledende leverandører av elektroniske anbudsverktøy og informasjon mellom innkjøpere og leverandører i det profesjonelle markedet.

Kontakt oss

Klikk her for å gå til support

+47 21 01 88 00