Dato for innlevering er passert
Bremanger kommune, org.nr. 959 318 166, («Oppdragsgjevar») eig gardsnummer 38, bruksnummer 255 med påståande bygningar og anlegg i Bremanger kommune (heretter «Eigedomen»). På Eigedomen ligg eit to-etasjes bygg som tidlegare vart nytta som sjukeheim.
Oppdragsgjevar ynskjer at den gamle sjukeheimen på gnr. 38 bnr. 255 skal byggast om til ein kombinasjon av omsorgsbustader og andre bustader («Prosjektet»). I bygget si fyrste etasje skal det etablerast 4 omsorgsbustader med tilknyting til ein personalbase i tillegg til 6 andre leilegheiter slik spesifisert i konkurransegrunnlaget DEL C med tilhøyrande vedlegg. I resten av bygget skal det etablerast bustader.