Dato for innlevering er passert
Anskaffinga gjeld opparbeiding av tun- og uteområdet ved Firda vidaregåande skule. Føremålet med anskaffinga er oppgradering av utomhusanlegget ved skulen. Oppdraget er delt inn i delområde 1,2 og 4. I første omgang vert opparbeiding av delområde 1 og 2 prioritert. Delområde 4 er ikkje med i budsjettet for utføring i 2019, og er i denne omgang med kun som ein opsjon for evt. seinare utføring. Heile oppdraget vil medføre mindre bearbeiding av terreng, bygging av enkle utandørs konstruksjonar i tre, konstruksjonar i betong og betongstein evt. naturstein. Fagområdet vil vere bygg- og anlegg, tømrar, elektro og VVS. Entrepriseform: oppdraget vil verte utført som totalentreprise.