Kvam herad skal bygge ny barneskule i Ålvik. Skulen skal byggast som modulbygg på eksisterande skuletomt, området for nytt bygg er vist på vedlagt kartutsnitt.
Skulen skal etablerast samtidig med at eksisterande skule er i normal drift og elevane skal flyttast over til dei nye lokala når den nye skulen er ferdigstilt og innreia. Når elevane flyttar ut av eksisterande skule skal bygget rivast og arealet skal opparbeidast som utandørs opphaldsareal for skulen.
Totalentreprenøren skal som del av konkurransen utarbeide teikningar som ein del av konkurransegrunnlaget og evalueringsgrunnlaget.
Piesakieties Mercell un saņemiet paziņojumus par jaunākajiem iepirkumiem sev svarīgajās nozarēs 7 dienas bez maksas!