Piedāvājumu iesniegšanas termiņš ir beidzies.
Radøy kommune inviterer interesserte føretak til å gje tilbod på arkitektprosjekteringa i samband med oppføring av ny bernehage med 6 avdelingar på Bø. Oppdraget omfattar m.a.: Utarbeiding av skisseprosjekt med planar, snitt og fasader, utarbeiding av eit generelt tilbodsgrunnlag som funksjonsbeskrivelse for alle fag som grunnlag for tilbodsinnhenting som totalentreprise, utarbeiding av situasjonsplan med planlagde og eksisterande tiltak, utarbeiding av overordna brannkonsept som prosjekteringsgrunnlag for skisseprosjektet.
Barnehagen er planlagd med 6 avdelingar og skal oppførast i 2 etasjer.
Tiltaket er søknadspliktig etter plan-og bygningslova, og den som får tildelt arbeida må ha naudsynte ansvarsrettar i tiltaksklasse 2 og stå som ansvarleg søkjar/ansvarleg ptosjekterande om rammeløyve for heile tiltaket.
Tilbodsgrunnlaget vert utsendt på grunnlag av dokumentert røynsle med prosjektering av barnehagar og utarbeiding av tilbodsgrunnlag for totalentreprise. For å melda din interesse i denne kunngjeringa og motta tilllegsinformasjon, må du venda deg til postmottak@radoy.kommune.no
Piesakieties Mercell un saņemiet paziņojumus par jaunākajiem iepirkumiem sev svarīgajās nozarēs 7 dienas bez maksas!