Piedāvājumu iesniegšanas termiņš ir beidzies.
Hordaland fylkeskommune (HFK) ønskjer å inngå ein rammeavtale med ein leverandør om levering av bistand til prosjektleiing, prosjektstøtte mv. Formålet med anskaffinga er å sikre HFK tilgang til relevant kompetanse innanfor planlegging og gjennomføring av prosjekt, prosjektleiing, strategisk rådgjeving, prosessbistand og endringsleiing. Leverandøren må tilby konsulentar med god dokumentert erfaring og kompetanse frå slikt arbeid.
Avtalen gjeld ikkje advokattenester, revisjonstenester, innkjøpstenester til HFK og konsulenttenester med hovudvekt på teknisk bistand til Bybanen AS. Skyss har dessutan eigne rammeavtalar på kollektivfagleg bistand og rådgjeving relatert til IKT.
Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1+1 år, til saman maksimalt 4 år.
Komplett konkurransegrunnlag finst på Hordaland fylkeskommune sin leverandørportal. Adresse til leverandørportalen er: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase/Published/
Piesakieties Mercell un saņemiet paziņojumus par jaunākajiem iepirkumiem sev svarīgajās nozarēs 7 dienas bez maksas!