Pasiūlymų pateikimo terminas praėjo.
Ombyggingsarbeida ved Høyanger vidaregåande skule (HVS) omfattar tiltak i to separate deler av skuleanlegget. Det mest omfattande tiltaket gjeld ombygging og utviding av Høyanger tannklinikk. Denne ligg i eigen fløy i skuleanlegget. Utvidinga av tannklinikken går inn i undervisningsarealet til
skulen, og det fører til ein del ombyggingsarbeid i naturfagseksjonen. Samla netto areal for ombyggingsarbeida er 360 m2. Det skal også byggjast nytt auditorium i skuleanlegget – 81 m2. All ombygging skjer innafor eksisterande bygningsmasse, og på 1. etasjenivå med god tilkomst.
Kostnadskalkyle for bygningsmessig ombygging er kr 9 mill inkl. mva. Spesialinnreiing og utstyr for tannklinikken er ikkje med i denne kostnaden.
Tilbodsynfaring: 15.01.2019, kl. 10.00, Høyanger vidaregåande skule