Nasjonal turistveg Hardanger - Skjervet - rasteplass, toalett og naturvandring

Informacija apie pirkimą

Konkurencinis dialogas
2014-10-07 06:17 (GMT+03:00)
2014-11-10 13:00 (GMT+02:00)

Informacija apie pirkėją:

Statens vegvesen Region vest Statens vegvesen Region vest
Bjørn Andresen Bjørn Andresen
Askedalen 4
6863 Leikanger
Norvegija
971032081

Pasiūlymų pateikimo terminas praėjo.

Norite gauti panašią informaciją kas rytą? Registruokitės 7 dienų NEMOKAMAI Mercell versijai!

Dagens situasjon:

Skjervsfossen er ein stor naturattraksjon som ligg på ein av innfallsportane til Nasjonal turistveg Hardanger. Eksisterande rasteplass på toppen av fossen er lite attraktiv slik den er utforma i dag. Det er ikkje tilrettelagt for å koma seg fram til fossen og oppleva denne på nært hald. Rasteplassen og området mellom denne og fossen er prega av stor slitasje. Det er heller ikke tilrettelagt for å oppleva fossen frå nedsida, då det verken er parkering eller gangvegar som leiar turistane.

Ny situasjon – «Skjervsfossen naturvandring»:

Planen legg opp til rundturar med ulike opplevingar. Det blir laga eit hieraki av stiar rundt fossen. Fleire av desse er universelt utforma, dvs tilgjengeleg for alle besøkande. På denne måten kan ein oppleva fossen på ulike måtar og frå ulike punkt.

Rasteplass:

Eksisterande rasteplass skal byggast om og gi rom for 17 P-plassar og busslomme inn mot gml. rv 13. Mot elva skal det byggast fortau med rekkverk festa i mur av naturstein. I retning mot fossen skal plassen avsluttast med eit trappeamfi i naturstein.

Toalett:

Det skal byggast nytt toalett med grunnflate 15m2 plassert heilt ut mot elva. Toalettet som har 2 toalettrom + teknisk rom skal mot elva ha store glassflater og vegg av stålplater. Resten av bygget skal ha rammeverk i tre kledd med plater av naturstein i tak og veggar. Dørar skal vera i stål.

Naturvandring:

Frå rasteplassen skal det lagast sti med universell utforming ut til utsiktspunktet på «Kanten». Denne stien skal ha asfaltflate og kantar/mur i naturstein med rekkverk/handløpar der det er behov for det. Vidare ned til utsiktspunkta på «Hylla» og «Nedre hylla» skal det byggast sti/trapp i naturstein med handløpar på nokre parti. Det same gjeld for «Trappa» vidare ned til terrengnivået framfor fossen. På dette nivået skal det byggast ein universell gangsti inn til «Dusjen» som legg til rette for nærkontakt med fossen. Denne stien skal ha asfaltflate og kantar/mur i naturstein.

Parkering:

Ved starten av stien inn til fossen skal eks. køyreveg utvidast noko for å gi plass til 6 P-plassar. Rekkverket på eks. vegbru skal fornyast og skøytast saman med ein betongkant som skjerming ved startpunktet på stien.

Dokumentai prieinami užsiregistravus

Pavadinimas Dydis
Skjervet - Beskrivelse GPROG - XMLfil.xml 637 KB
Skjervet - SHA-plan 141001.pdf 1,90 MB
Skjervet - konkurransegrunnlag - 141001.pdf 12,01 MB
Skjervet - Tegningshefte 141001 - Del 1.pdf 15,57 MB

Mercell Lithuania UAB

Mercell yra vienas iš Europoje pirmaujančių e-pirkimų sprendimų, kuris suveda pirkėjus ir tiekėjus į vieną erdvę. Čia skelbiami viešieji pirkimai, planuojami viešieji pirkimai, privačių įmonių konkursai ir kita informacija.

Kontaktai

Mercell klientų aptarnavimas

+370 655 3 14 21
Mercell Lithuania UAB | Žirmūnų g. 139, LT-09120 Vilnius, Lietuva