✅✅✅ Norite gauti tokią informaciją kas rytą? Užpildykite anketą viršuje spausdami "IŠBANDYTI NEMOKAMAI" ✅✅✅
Det er viktig med kommunal satsing på reiseliv. Å tilby turistinformasjon er eit offentleg ansvar.Unni Marie Lien har sitt Rosemalingsverkstad og butikk langs E-134 akkurat ved inngangen til Ølen sentrum. Ho har faste opningstider måndag til laurdag heile året og tilpassa opningstider i hovudsesong. Ho driv aktivt i reiseliv med vesentleg besøk frå alle nasjonar kvart år. Dei siste åra har det vore ei betydeleg auke gjennom auke i cruisetrafikk. Ho er og ein typisk butikk som turistar stoppar på når dei er på reise. Ho har lang og brei erfaring i å drive turistinformasjon og har gjennom reiselivsnettverk med andre reiselivsaktørar i Vindafjord og Etne god kjennskap til alle tilbod lokalt og på heile Haugalandet.