Føremålet med anskaffinga er å dekke Vestland fylkeskommune sitt behov for manuell vektarkontroll på Bergen Busstasjon og eksterne terminalar for kollektivanlegg. Behovet skal dekkast gjennom faste/regelmessige oppdrag. Vektarane skal, gjennom å vere til stade, bidra til ein trygg og hyggeleg reise for dei som nyttar kollektivtilbodet. Vektarane skal òg vere behjelpelege med informasjon til dei reisande ved behov. Anskaffinga er delt inn i to delkontraktar.