Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum, på vegne av kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes, har som mål å inngå rammeavtale om levering av juridiske tenester. Oppdragsgjevar har i varierande grad trong for juridisk bistand i samband med kommunane sine oppgåver/arbeid. Noko juridisk bistand vert dekka inn av interne ressursar hos oppdragsgjevar sjølv eller gjennom medlemskap i KS. Innafor arbeidsrett nyttar kommunane for det meste KS. For dei andre områda vil det for det meste vera trong for ekstern bistand ved for eksempel manglande kapasitet eller kompetanse. Kommunane har ikkje eigne tilsette kommuneadvokat.
Dette er ein ny utlysing utan endringar etter at førre konkurranse vart avlyst.