• Oppdragsgjevar ynskjer å etablere rammeavtalar med føretak som leverer
rådgjeving- og plankonsulenttenester for utarbeiding av • plankart, planomtale
og føresegner og det skal utførast arbeidoppgåver innan o
konsekvensutgreiingar og ROS-analyser o trafikkanalysar o støyrapportar o
biologisk mangfald-vurderingar, o kulturminneundersøkingar o geologiske
undersøkingar o miljøtekniske undersøkingar o tiltaksplanar for opprydding i
ureina grunn Eit av formåla med å etablere rammeavtalar for denne type tenester
er å sikre effektivitet i anskaffelseprosessane. Det er vidare eit mål at
rammeavtalane skal sikre stabilitet og være forutsigbare. Rammeavtalane er
tenkt å skulle dekke hovuddelen av oppdragsgjevar sine kontinuerlige behov for
ingeniørfaglige tenester innanfor dei aktuelle fagfelta. Oppdragsgjevar skal ha
rett, men ikkje plikt til å nytte rammeavtalen. Oppdragsgjevar kan gjennomføre
eigne konkurransar for oppdrag der ein finn det mest føremålstenleg. Enkelte
oppgåver vil dessutan kunne løysast i eigen regi. Det vil bli inngått parallelle
rammeavtalar med 3-5 leverandørar, føresett at det i konkurransen kjem inn eit
tilstrekkelig tal egna tilbod frå kvalifiserte tilbydarar. Flora Kommune investerer
tilsaman omlag kr. 10 mill. dei neste fire åra innan planleggingsfeltet på
kommune- og reguleringsplannivå. Vi gjer merksam på at oppgjevne tal er
rettleiande og ikkje bindande for oppdragsgjevar.