Møre og Romsdal fylkeskommune innbyr til konkurranse, med forhandlinger, i forbindelse med anskaffelse av analyse av innovasjonssystema i Møre og Romsdal, som utgangspunkt for smart spesialisering.
Potensielle tilbydere må kunne stille til forhandlinger i uke 25.
Møre og Romsdal fylkeskommune skal i samarbeid med samfunns- og næringsliv i fylket utarbeide ein forsking og innovasjonsstrategi for fylket. Strategien skal utarbeidast etter metodikken i smart spesialisering. Som utgangspunkt for dette arbeidet skal det gjennomførast ei analyse av innovasjonssystema og innovasjonspotensialet i fylket.
Analysen skal besvare kva som er dei største hindringane i Møre og Romsdal for at nye næringar kan vekse fram frå eksisterande næringar eller ressursgrunnlag, eller der eksisterande næringar kan utvikle seg i nye retningar. Relasjonane mellom akademia og næringslivet skal vere ein del av vurderingane.
Analysen skal mellom anna beskrive eksisterande styrkar, svakheiter og relasjonar i det regionale innovasjonssystemet, internasjonal konkurranseevne, muligheiter for framtidig utvikling innan dei ulike næringsområda og identifisere flaskehalsar i innovasjonssystema. Herunder også offentleg sektors rolle i innovasjonssystemet.
I den seinare tid er det gjennomført fleire analyser av innovasjonssystemet i Møre og Romsdal. Analysen skal gjere bruk av desse analysene, sekundærdata (SSB, Panda, etc.), og relevante nasjonale analyser.
Analysen skal innehalde følgjande:
- Identifisering av kritisk masse (næringsstruktur, relasjonar, FoU-miljø)
- Regionens konkurransepontensiale i ein internasjonal marknad
- Potensiale for entreprenørielle oppdagelser
- Offentleg sektors rolle som pådrivar og tilretteleggar for regional utvikling