Bakgrunn
Lesja kommune har sett i gang arbeid med ein reguleringsplan for Lesja sentrum. I samband med dette ynskjer kommunen å få utarbeidd eit fagleg grunnlag for framtidig stadforming og universell tilrettelegging for delar av Lesja sentrum. Kommune vil nytte dette faglege grunnlaget i sitt arbeid med reguleringsplan m.t.p. avgrensing av ulik arealbruk og omsynssoner.
Det aktuelle prosjektområdet er avgrensa av Romsdalsvegen i nord, Kyrkjevegen i aust og sør, og skuleområde/kulturhus i vest (Sjå figur 1.), og har eit areal på 46,2 daa.
I prosjektområdet finn ei ulike bygningar med kommunal og statleg forvaltning, helse, skule, handel, servering og tenesteyting. I tillegg internt trafikkareal.
Prosjektområdet må seiast å mangle ein etablert grønstruktur, og gode sosiale møteplassar.
Prosjektområdet er elles prega av å vera ei skråli med svakt definerte plan. Mykje av trafikken og aktiviteten er konsentrert til eit øvre plan, på parallellvegen til Romsdalsvegen.
Problemstilling
Hovudproblemstilling i prosjektet:
1.Opne sentrum mot sør for å gje rom for ny tilkomst, utvida parkeringsareal, grøntstruktur og sosiale møterom.
2.Definere 2 – 3 felles landskapsplan i prosjektområdet med gode samband for mjuke trafikantar mellom dei ulike plana. Samband mellom dei ulike plana kan finnast både på uteareal, nye tekniske ordningar eller via bygningar i planområdet.
3.Plan for ny grønnstruktur, nye sosiale møteplassar og område for uorganisert leik og aktivitet.