NHH er i starten av ei ny strategiperiode, og ser behovet for konsulenthjelp i samband med interne prosessar. NHH ynskjer difor å knyta til seg fleire konsulentselskap som, etter ein minikonkurranse, kan bistå NHH i operasjonaliseringa av den overordna strategien.
Oppdraga som spring ut av denne avtala vil vera særs varierte både når det kjem til art og omfang. NHH reknar med at nokre av oppdraga vil verta av særleg omfattande, medan andre vil vera meir kortfatta. Aktuelle oppdrag i løpet av avtaleperioden vil til dømes kunne vera:
•Utarbeiding av ein forretningsstrategi for eit område av drifta
•Etablering av nye prosjekt eller område for høgskulen
•Strategi for NHH sitt tilhøve til eksterne relasjonar
•Ei rolle som «sparringpartnar» i interne strategiske prosessar
•Internopplæring og kompetanseoverføring til tilsette ved NHH
I desse prosessane er det særleg viktig for NHH å få eit eksternt blikk inn i organisasjonen sitt arbeid. Mellom anna for å kunne skilja seg ut frå andre utdanningsinstitusjonar ynskjer NHH i desse prosessane å henta inspirasjon frå privat næringsliv. Erfaring med forretningsutvikling og prosess vil difor vera viktig. Det vil vera konsulentfirmaet si oppgåve å synleggjera dei moglegheitene NHH har i vid forstand.
Samstundes er det viktig for NHH at dette òg bidreg til ei kunnskapsoverføring til våre tilsette. Det vil difor leggjast vekt på i kva grad leverandøren er i stand til å involvera dei tilsette for slik å auka kompetansen.
Kontraktstildeling
Tittel: 1/4
Dato for kontraktstildeling: 12-10-2014
Antall mottatte tilbud: 10
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Implement Consulting Group, Munkedamsveien 35, Oslo 0250, NO. PwC, Pb. 3984 Sandviken, Bergen 5835, NO. KPMG, PB. 4 Kristianborg, 5822 Bergen, NO. Momentum Partners, Halfdan Kjerulfsgate 3, 5017 Bergen, NO.