Lyhyt kuvaus
KONKURRANSEN ER KANSELLERT.
Kvam herad har gjennomgått klagene som er mottekne den 23.09.2024 og 23.10.2024, og har vurdert konkurransedokumenta og evalueringa i lys av desse klagene. På bakgrunn av gjennomgangen, og ei vesentleg utviding av oppdragets omfang, har me kome til at me har både rett og plikt til å avlysa konkurransen.
Kravet i anskaffingsforskrifta til å ha klima og miljø som tildelingskriterium er ei relativt ny føresegn, og Kvam herad har hatt få konkurransar av denne type og omfang. Ved utforminga av konkurransen vart det frå oppdragsgjevar si side arbeidd mykje med å etablere eit tildelingskriterium for klima og miljø som ville gje ein positiv klima- og miljøeffekt, som tilbydarane kunne levera på og som var mogleg for oppdragsgjevar å evaluere på ein tilfredsstillande måte. I konkurransedokumenta er det vist til at det for dette kriteriet ville bli gjort ei «heilskapleg vurdering» av tilboda, men i ettertid ser me at det burde vore endå tydelegare skildra korleis oppdragsgjevar hadde tenkt å vurdera dei ulike delpunkta under kriteriet.
Det kan særleg nemnast at drivstoffet HVO100 og vurderinga av effekten av dette har skapt utfordringar ved evalueringa. Dette drivstoffet var ikkje kjent for oppdragsgjevar, og me har heller ikkje tidlegare motteke opplysningar om det i liknande konkurransar. Me har i samband med evalueringa undersøkt ulike fagmiljø og ser at det er variasjonar i vurderingane av CO₂-utslepp knytt til dette drivstoffet. Grunna i at oppdragsgjevar ikkje var kjent med dette på førehand er klimavinst ved bruk av HVO100 heller ikkje omtala i konkurransedokumenta. Difor viste det seg umogeleg å gjere ei føreseieleg evaluering av klima- og miljøgevinsten ved bruk av HVO100.
Dei gjennomførte evalueringane syner at dette er utslagsgjevande for resultatet av konkurransen. Kvam herad kan difor ikkje på ein føreseieleg måte kåra ein vinnar. Utfordringane knytt til forutbereknelegheit og den tilhøyrande uklårleiken i vurderinga av klima og miljø utgjer ein vesentleg feil i konkurransegrunnlaget som ikkje kan reparerast, jf.FOA § 8-4, 4. ledd. Kommunen har med dette sakleg grunn til å avlyse konkurransen etter FOA § 10-4. Vidare vil kommunen i samsvar med rettspraksis også ha ein plikt til å avlysa konkurransen.
Av omsyn til miljøet har me òg vurdert at overskotsmassane frå denne konkurransen kan nyttast direkte i eit nytt vegprosjekt på Tolo. Dette vegprosjektet er no prioritert som fylgje av politisk trykk, og var ikkje ein del av den opphavelege konkuransen. Dette har endra oppdragsgivar sitt behov og representerer ei vesentleg endring i omfanget av prosjektet og er i seg sjølv ein sakleg grunn til å avlyse konkurransen, jf. FOA § 10-4.
Kvam herad vil på bakgrunn av dette avlyse konkurransen og innan kort tid utlyse ein ny konkurranse som vil inkludera vegprosjektet på Tolo.