Lyhyt kuvaus
Oppdragsgivar ønsker å inngå rammeavtale på kjøp av elektronisk legemiddelkabinett (ELS) til sjukeheimen i Suldal kommune. I tillegg er det opsjonar på avtalen.
Nye Suldal sjukeheim er under oppføring, og vil bli ferdig i mai 2025. Da vil bygget ha 38 pasientrom. Det blir planlagt for eit elektronisk legemiddelkabinett på medisinrommet. Eininga skal ha integrasjon mot EPJ. Kommunen nytter i dag EPJ-systemet CosDoc, men dette vil som kjent bli avslutta innan 2028/2029. Det er usikker kva EPJ leverandør Suldal kommune skal gå over til når CosDoc er avslutta. Løysninga skal bidra til ein meir effektiv og siker handtering av legemiddel, i tillegg til betre lagerstyring av legemiddel. Innhaldet i det elektroniske legemiddelkabinettet kan du sjå i kravspesifikasjonen.