Kvam herad vurderer ny publiseringsløysing for vårt domene www.kvam.noSom førebuing til konkurranse gjennomfører me denne marknadsundersøkinga for å få informasjon om tilgjengeleg funksjonalitet og kostnader knytt til alternative løysingar.
Me forventar ikkje at alle løysingar støttar alle dei opplista behova/ynskja i vedlagte dokument og ber om at leverandøren sender tilbakemelding sjølv om det er noko funksjonalitet som er under utvikling eller ikkje kan leverast.
Det vert lagt til grunn at løysinga vil ligga under nasjonal terskelverdi for innkjøp. Me planleggar difor at leverandørane av dei mest aktuelle løysingane vil verta direkte invitert til konkurranse. Me ber om eit uforpliktande prisestimat, slik at me kan vurdera budsjettbehovet og val av anskaffingsprosedyre knytt til eit eventuelt innkjøp.
Det er svært interessant å få informasjon om kva publiseringsløysingar/funksjonalitet som finnest i marknaden og håper at du vil ta deg tid til å svara på denne marknadsundersøkinga.
Frist for tilbakemelding er sett til 18.06.2024