Gjennom dette prosjektet ynskjer oppdragsgjevar Sykkylven kommune tilbod på oppgradering av ca 1150 meter med kommunal veg på Nysætervegen ovanfor Sykkylven Skisenter, Fjellsetra. Vegen er i dag grusveg med lastklasse BK6. Etter oppgradering skal vegen være i lasteklasse BK10, og stette krava som samleveg SA1 iht HBN100 frå Statens vegvesen. Ein ynskjer her tofelts veg med fast dekke, med ei vegbreidde på 6 meter, der kvar vegbane er 2,75 cm med vegskulder på 0,25 meter på kvar side. Arbeidet inkluderer også utskifting av stikkrenner av betong/kistesette som skal erstattast med dobbelvegga plastrøyr i god dimensjon for å takle aukande vassmengder. Meir om dette framkjem i kravspesifikasjon/vedlegg. Oppdraget er ei totalentreprise og inneheld både prosjektering og gjennomføring av tiltaket. Målet er å få fast dekke (6 cm AG16 e.l.) før vinteren set inn. Ein legg difor til grunn korte fristar ved gjennomføring av anskaffinga.