Hange on lõppenud
Oppdragsgjevar gjennomførar konkurranse for bygging og montering av enkle 26 dagsturhyttar i Sogn og Fjordane fylke, ein i kvar kommune. Dette inkluderer bygging jamfør teikningar, transport og montering. Det inkluderer ikkje grunnarbeid som vert gjort av kommunen sjølve. Nokre kommunar ønskjer fleire hytter. Oppdragsgjevar ønskjer derfor opsjon for eit usikkert tal hytter i tillegg til dei 26. På disse vil det kunne vere differensiert pris på frakt og montering avhengig av kvar hytta er. Sjølve byggekostnaden skal vere lik som dei første 26 hyttene. I tillegg opsjon på bygging av usikkert tal utedoar og eitt ekstra helikopterløft i samband med dette.