Vass- og avlaupsetaten skal gå til anskaffing av eit online telefonvarslingssystem
for å varsle bebuarar og verksemder på råka adresser eller område med telefon,
SMS og talemelding (fasttelefon) ved brot i vassforsyninga. Systemet skal
innhenta nummeropplysningar til bebuarar og eigarar på adresser i utvalde
kartområder, samt senda ut varslinga, i ein og same operasjon på ein rask og
effektiv måte.
Systemet som skal anskaffast må vera eit moderne og effektivt
telefonvarslingssystem som også kan handtera ein beredskapssituasjon som
råkar heile Os si vassforsyning. Til dette behovet krevjast eit online system
(skyløysing) som kan betenast via internett frå både pc, Mac, nettbrett og
smarttelefonar.